Grønn stund med gode ord om miljø og jord

Velkommen til ei uformell ordstund hos Molde antikvariat og ymseri.
Her blir det opplesing av dikt og slikt av lyrikaren Øystein Hauge og andre kjende og mindre kjende forfattarar.
Også du kan dele dikt og anna på arrangementet, gjerne noko du har skrive sjølv!

Bøker om miljø og natur blir stilt ut, og det blir råd å handle gjenbrukte bøker. Drikke og knask blir servert til kostpris.

Tid: Torsdag 24. januar kl. 18

Stad: Molde antikvariat og ymseri, Storgata 56 (Elvsaasgården), med inngang frå Bussholdeplassen.

Gratis inngang.

Vel møtt!

Festivalkvelden held fram på SYD med Gamle viser som tåler å bli resirkulert, ved Viseklubben Det Viser seg.

Se facebook-arrangement!