Oppvarming til festivalen: Klimaendringar på Vestlandet

  • Beklager. Denne hendelse har allerede funnet sted.

Klimaendringar på Vestlandet: Korleis handtere det uunngåelege?

Kvifor er endringane dei siste 150 åra annleis enn tidlegare varmeperiodar, som under middelalderen eller for 7000 år sidan? Kva for klimaendringar skjer globalt, og kva for endringar vil skje her på Vestlandet? Kan kommunar og samfunn i Noreg bli del av den globale klimaløysinga?

Forskar og geolog Kikki Kleiven set den globale klimaforskinga inn i eit lokalt perspektiv, og ho nyttar historiske hendingar for å kaste lys over dagens klimasituasjon.

Lars-Henrik Paarup Michelsen er dagleg leiar i Norsk klimastiftelse. Han kjem til biblioteket for å utfordre lokale politikarar og kommunens borgarar: Kva gjer vår kommune for klimaet?

Desse er i panelet:
Liv Kari Eskeland (H) – Stortingsrepresentant
Gaute Straume Epland (Ap) – Ordførar
Steinar Røgenes – Direktør Kværner (Stord)

Følg arrangementet på Facebook!